Tilbake til søket

Hjelp og støtte til å koma inn i organisert fritidsaktivitet

Aktivitetslos Voss

Hva slags støtte:
  • Fadder/Guide
Hvem kan få:
Born frå 2. til 7. klasse, men søknadar frå eldre born vert også vurdert
Hvor:
  • Voss
Hva støttes:
  • Alle aktiviteter

Hvordan søker jeg?

Besøk støtteordning →

Føresette eller andre som vil søkja på vegner av barnet kan ta kontakt med ein av desse instansane for tilgang til digitalt søknadsskjema: Helsestasjon, PPT, BUP, Barneverntenesta, Røde Kors, kommunepsykologane eller Integreringstenesta. Søknad skal alltid fyllast ut i samråd med den instansen som gjev tilgang på skjema. Der er ingen søknadsfrist, og innkomne søknader vert handsama fortløpande.

Mer om støtteordningen:

Aktivitetslos-ordninga har som føremål å gje fleire born og unge høve til å delta i organisert fritidsaktivitet. Tenesta er for personar som har potensiale til å delta sjølvstendig i aktiviteten etter tre månadar.

Tenesta høver for born i familiar som står i ein sårbar situasjon som gjer at ein for tida ikkje har kapasitet til å følga og støtta barnet inn i ein aktivitet. Dette kan til dømes vera åleineforeldre med fleire born, familiar som har fleire born med særskilte behov, foreldre med utfordringar knytt til helse, psykiatri eller rus, eller minoritetsfamiliar med manglande norsk- og lokalkunnskaper.