Støtte til medlemskontingent, lisens, trenings- og aktivitetsavgift
Luster Fritidsfond
- Hva slags støtte:
- Økonomisk støtte
- Hvem kan få:
- Barn og unge 6- 18 år
- Hvor:
- Luster
- Hva støttes:
- Alle aktiviteter
Hvordan søker jeg?
Besøk støtteordning →Det er ingen søknadsfrist, søknadar vert behandla løpande.
Slik gjer du:
- Ta kontakt med trenaren/leiaren for den fritidsaktiviteten barnet ditt er interessert i.
- Spør trenaren/leiaren om klubben/laget kan søkje om å få dekke trenings-/aktivitetsutgifta gjennom Luster fritidsfond.
- Trenaren/leiaren kan då søkje om å få dekka dine utgifter. Dersom søknaden vert innvilga vil fondet betale utgifta direkte til klubben utan at klubben gjev opp informasjon om at det er din familie dette gjeld. Søknaden er heilt anonym og det er berre du/din familie, trenar/leiar og medlemsansvarleg som veit at de har fått dekka utgifta via Luster fritidsfond.
Mer om støtteordningen:
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for deltaking i fritidsaktivitetar i Luster!
Alle barn og unge skal få moglegheit til å delta på fritidsaktivitetar. Om du eller nokon du kjenner har lyst til å vere med på ein fritidsaktivitet i Luster, men ikkje har økonomi til det, fins det moglegheiter for å få hjelp med dette.
Lat ikkje økonomien stoppe barn og unge frå å delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar. Det er viktig for barn å vere med der andre barn er slik at dei kjenner seg inkludert og at dei får drive med spennande aktivitetar.